| Norsk Filmutvikling |
|
Norsk Filmutvikling er eit nasjonalt senter for idé-, talent- og kompetanseutvikling for heile det norske film- og fjernsynsmiljøet.
"Vi er eit forvaltningsorgan som sorterer direkte under Kultur- og kyrkjedepartementet, og vi skal medverke til at det profesjonelle audiovisuelle produksjonsmiljøet i Noreg kan nå dei overordna måla som Kultur- og kyrkjedepartementet til kvar tid fastset. Vi skal vere initiativtakar og planleggjar og fungere som tilretteleggjar av eit heilskapleg utviklingstilbod for den audiovisuelle bransjen, og vi skal ha eit hovudansvar for det faglege innhaldet desse tilboda. Som verkemiddel for å oppnå dette forvaltar vi ei tilskotsordning for støtte til manuskriptutvikling, til utdanningsretta kurs og seminar og til deltaking på kurs i utlandet. Det er vårt mål at Norsk filmutvikling skal ha ein sentral plass som samlande organisasjon for profesjonalisering, industrialisering, kunstnarisk stimulering og teknisk vidareutvikling av det norske film- og fjernsynsmiljøet. Dette krev eit utvida samarbeid og ein god dialog med nasjonale og internasjonale bransjeorganisasjonar og institusjonar." Kirsten Bryhni Direktør
|
Nyttige Linker
Siste oppføringer
Paris Hilton | Lindsay Lohan | Audrey Hepburn | Emilie de Ravin | Ellen Page | Kristen Stewart | Evangeline Lilly |
|---|
Sjekk ut Stockmaker'n for stockfilm og actionelementer til din produksjon

